Å kunne gå ut på scena med meining, glede, kraft, kjærleik og takksemd er eit faktum
Sjølv om 'dei store spørsmåla' i livet har oppteke meg så lenge eg kan hugse, var det meir personlege og konkrete spørsmål som hadde byrja å melde seg i kvardagen min i løpet av dei siste åra. Med musikkutøving som yrke og livsstil som innebar konsertar og turnear over heile verda, var eg fullt klar over at
slik eg og mange ser det, kunne eg 'leve draumen' -men så var det ikkje alltid slik at kjenslene og tankane rundt dette livet stod i stil med dette biletet.
Eg kjende meir og meir på eit stadig press om prestasjon og nervøsitet rundt konsertar, og på eit tidspunkt byrja eg og lure på om eg hadde hamna på ville vegar.
Parallelt med dette hadde interessa mi for det åndelege eskalert, 'noko' pressa på med full kraft og nesten kravde av meg at eg måtte foreta meg noko. Med dette som utgangspunkt, og etter utallige timar med å prøve å finne ut av dette; 'Kvifor skal èg stå på ei scene?', 'Kvifor er eg dødsnervøs når eg skal utøve det eg elskar som mest?' og ei kjensle av å ikkje kunne leve ut potensialet sitt -eg måtte for ein gongs skuld prøve å be nokon om hjelp for å finne svar.
I min søken fann eg deg Madeleine, og alt ved deg fekk meg til å få trua på at det går an å finne svar og å i det heile teke tore å få ut fingeren og ta kontakt med eit heilt framandt menneske. Her vil eg takke både deg og intuisjonen min,
i skrivande stund har eg ved di hjelp funne svara eg trengte for å faktisk kunne leve sant i den draumen eg lever.
Å kunne gå ut på scena med meining, glede, kraft, kjærleik og takksemd er eit faktum, og du har gjeve meg verktøy for å kunne løyse situasjonar i livet og i kvardagen min til å stimulere til dette. Med å kunne bli merksam på viktige verdiar for meg, kjenner eg endeleg på eit grundig fundament som eg kan navigere ut i frå i livet, og ta trygge og gode valg i høve den eg ynskjer å vere som menneske og musikar.
Ei enorm openberring for meg har vore å forstå at det er energien eg ber i meg som genererer dei ytre omstenda til sjuande og sist.
At oppgåva mi er å romme og bere alt det eg ynskjer å sende ut, ikkje berre i tanken, men i all sann væren. I samarbeid med deg har eg vorte bevisst mitt eige, og alt anna eg har bore frå andre, i energien min.
Det å samarbeide med deg har vore noko av dei mest spektakulære samspela eg har opplevd i livet (også som musikar!) .
For meg er du eit av dei mest musikalske menneska eg har møtt, og har såleis også vore ein enorm inspirasjon for musiseringa mi. På det mest grasiøse vis vegleidde du meg til å
finne mine eigne svar på mine eigne spørsmål, openberring på openberring låg rundt neste sving.
Alltid med ein harmonisk balanse med profesjonalitet, omsorg, seriøsitet og humor -og med ein visdom som kan gjere gråstein til gull.
At du lærte meg å komme betre i kontakt med mitt indre, er her banebrytande for meg og har gjeve meg ein ny dimensjon i livet.
Eg vil anbefale absolutt alle til å få oppleve samarbeid med deg, Madeleine. Med din intuisjon, visdom og kunnskap kan du flytte eitkvart fjell. Eg veit at uansett kva menneske hadde kome til deg med, så hadde du transformert det til det betre og beste for den det måtte gjelde.
Marit, profesjonell musiker
Kom ordentlig i gang med oppstart av min business.
Marie
Gründer
En helt genuin evne til å komme med ideer, innspill og innsikt.
Heidi
Fotsoneterapeut
Den beste avgjørelsen jeg har tatt for bedriften min!
Lillian
Coach, personlig trener, mentaltrener
Trygg nok for første gang på 10 år til å stå på egne bein, uten å ha et coachingopplegg i bakhånd, og det er en enorm frihet.
Ingvild
Gründer
Du blir møtt akkurat der du er, av en stemme og tilstedeværelse som snakker langt inn i sjelen.
Kristin
Vekst på flere plan!
Mai Camilla
Forfatter, formidler, skrivecoach
Åpenbaringer på løpende bånd, gjør deg klar for en indre revolusjon!
Birgitte
Kjente en businessgnist i meg jeg ikke visste jeg hadde.
Heidi
Mentor